Oppskrifta for å utvikla gode fotballspelarar er så enkel

– Etter 20 år som trenar i barne- og ungdomsfotballen veit eg kva eg ville gjort annleis, skriv Svein Erik Tuastad i dette innlegget.

SMÅLAGGSSPILL: Før som no er småspelet – med intensitet – gullstandarden, skriv Svein Erik Tuastad. Foto: Ivar Thoresen
  • Av Svein Erik Tuastad
    Statsvitar og dr. Polit., Universitetet i Stavanger
Svein Erik Tuastad. Foto: uis.no

No sommarstid reiser ei rekke familiar med ungane til fotballturneringar land og strand rundt. Vi skal til Dana-cup i Hjørring i Danmark. Turneringane gir ofte sosiale opplevingar som vert minne for livet for spelarane. Men kva skal til for å verte gode?

Gullstandarden

Då eg vaks opp, spela vi fotball heile tida. «Ses på banen», som vi sa etter skuletid. På skulen spela vi A-klassen mot B-klassen i nær kvart friminutt; det var bokstavleg tala blodig alvor. Så blei vi då faktisk ganske gode. Laget vårt, Trio, vann kretsmeisterskapet år etter år i Sunnhordland, og eitt år vann vi jamvel det uoffisielle Noregsmeisterskapet for smågutar, det som heitte DnC Cup.

Ei ny glimrande fotballbok og eit klokkarklårt innlegg frå nestoren i norsk fotball konkluderer med det same: Den gongen som no er småspelet – med intensitet – gullstandarden.

Knallgod ny bok

KNALLGOD: Anders Jacobsen er aktuell med boka; HJELP, jeg har blitt FOTBALLTRENER! Foto: Privat

Den tidlegare fotballproffen Anders Jacobsen har etter karrieren og ved sidan av lærarjobben vore trenar i barnefotballen i ei årrekkje. I den nye boka «Hjelp, jeg har blitt fotballtrener!» summerer han opp erfaringane. Det er rett og slett ei knallgod bok, mønsterverdig pedagogisk og med korte kapittel og klåre råd.

Sportsleg må kvar trening ha 60 prosent småspel, slår Jacobsen fast. Innleiingsvis viser han til korleis Belgia for 20 år sidan revolusjonerte sin barnefotball etter fleire audmjukande meisterskapserfaringar. Dei tok leiken inn att i barnefotballen og lét det vere svært mykje to mot to og fire mot fire i spel heilt til spelarane vart større. Dei endra ein kultur, og no haustar dei fruktene av det. I 2009 var Belgia nr. 49 på Fifa-rankinga, i dag er landet på andreplass.

Eit forskingsbasert døme Jacobsen nemner er talande. Om vi samanliknar kva som skjer når fire spelar mot fire i smålagsspel, og ikkje ni mot ni, vil smålagsspelet ha mellom to til tre gonger fleire pasningar, tre gonger fleire skåringsforsøk, fem gonger meir mål og tre gongar oftare ein-mot-ein-situasjonar, driblingar og finter. Alt dette som er basisen i ein kvar kamp!

Jacobsen presenterer også ei undersøking med elitespelarane i Noreg – kva meiner dei ei god trening består av? Svaret er: Firkant/oppvarming, så småspel og avslutningar. Det enkle er det beste – og nøyaktig det same for elitespelarane som for barna.

Bodskapen Jacobsen strekar under er like viktig som han er sann: Kampresultat i barnefotballen må i prinsippet vere underordna spelarutvikling og lagomsyn. Mi eiga erfaring er at det er denne innsikta som skil dei vaksne frå dei umodne trenarane i barnefotballen. Trenarar som står og brøler til 15-årige dommarar, er ikkje eit vakkert syn.

Legge til rette!

KONGEØRN: Andreas Morisbak – en kongeørn i norsk fotball. Foto: Ivar Thoresen

For litt over eit tiår sidan tok eg Uefa B-lisens som trenar i regi av Norges Fotballforbund (NFF). Trenarutdanninga var verkeleg god, for praksisen og teorien var så sterkt samanfiltra – enkel og genial pedagogikk! Der har andre utdanningsinstitusjonar mykje å lære. Mellom lærarkreftene var Andreas Morisbak. Han er som ei kongeørn i norsk fotball og var utviklingsansvarleg i NFF i over 30 år. På treningsfeltet personleggjorde han kva sann autoritet er i ordets positive forstand.

ein ny artikkel i magasinet Fotballtreneren slår også Morisbak, som no er 82 år, eit slag for smålagsfotballen. Han skriv at han har stilt det same spørsmålet år ut og inn til nasjonale og internasjonale toppspelarar: Kor viktig var smålagsspelet då toppspelaren var barn? Svaret er unisont at der ligg nøkkelen til suksess.

Men i dag er det ikkje berre å knipse i hendene og seie «ut og spel fotball, folkens!». Korleis legge til rette for eigeorganisert intensivt småspel integrert i treningsopplegget? spør Morisbak.

Lat oss seie at i ei gruppe 12-åringar ønskjer dei eit tilbod om fire organiserte treningar i veka. Då kan to av treningane vere temabaserte og trenarstyrte (med smålagsspel inkludert!). Men så kan to av treningane vere smålagsspel heile økta. Desse to treningane skal ikkje ha rettleiing og instruksjon. No skal det spelast tre mot tre, fire mot fire eller fem mot fem – og på store mål, som i små miniturneringar.

Sidan dei vaksne no ikkje skal rettleie, men legge til rette, kan kven som helst av foreldra vere med på det. Dette kan frigjere tid for dei mest brukte trenarressursane. Dette er vinn-vinn fordi det er enkelt å organisere, er gøy for spelarane og kan motivere til meir speling. Mykje av dette – og vips, så har du eit vinnarlag.

La det være gøy!

Det må vere gøy. Den gode trenaren finn balansen mellom å gjere det spelarane likar best og å stille krav til einskildspelaren. Skulle eg ha gjort ein ting annleis som trenar, var det å prioritere læringsmål litt ned for å leggje endå meir vekt på å få treningane morosame.

Spar oss for fleire akademi og ein økonomisk klassedelt barnefotball. At fleire kjenner gleda ved ein god kamp – også i det vesle formatet – er den beste oppskrifta for at vi atter blir ein stolt fotballnasjon.

Å få sjå barns fotballglede er dessutan ei løn i seg sjølv.